McMeny
Kva ligg i eit flagg?
Kva ligg i fridom?
Kva ligg i ei dobbeltseng?
Kva ligg på eit geiteskinn?
Kva ligg i eit val?
Kva ligg i ei krise?
Kva ligg i panikk?
Kva ligg i ei omvelting?
Kva ligg i uforskylda?
Kva ligg i flaks?
Eller skulle eg seie uflaks?
Kva ligg i ei hand?
Kva ligg i utstrakt?
Kva ligg i landegrenser?
Er det grenser for grenser?
Kva ligg i dele?
Kva ligg i litt?
Kva ligg i mange?
Kva ligg i likesæle?
Kva ligg i deg?
Eg ligg på kne.
Eg ber om hjelp
på vegner av ein ven
som helsar eit anna flagg
men bur på den same kloden
med det same menneskeverd
Eg ber om hjelp.
Legg igjen en kommentar